Etter at Hordfast nå skal heite Bokn - Bergen er skjansane for ein firfelts veg frå Bokn til Aksdal blitt meir aktuelle.
Rogfast. Ill: Statens Vegvesen

Nye vegar for milliardar

Først blir det verre, så blir det mykje betre. Vegprosjekt kjem til å prege kjørekvardagen vår i årevis framover.

 – Det er kan hende litt ekstremt akkurat no, men mange av vegprosjekta som nå blir godkjent er prosjekt me har hatt på dagsorden i årevis. Men når ein den eine dagen snakkar om Rogfast til 10,2 milliardar og neste dag finn pengar til sykkelvegar og gatelys så viser det i alle fall spennet i vegsatsinga som nå kjem, seier ordførar Harald Stakkestad.
Men når ein den eine dagen snakkar om Rogfast til 10,2 milliardar og neste dag finn pengar til sykkelvegar og gatelys.
Me har tatt lista over vegprosjekt, som på ein eller anna måte vil prege tysværbuen dei neste åra, med oss til Stakkestad for å få ein politisk oppdatering.
Rogfast
– Eg sa at eg synest det er uheldig at brukarane må betale ni av dei vel ti milliardane som dette store prosjektet kjem til å koste. Det betyr ikkje at eg ikkje ønskjer det velkommen. Nå kjem ikkje Rogfast «i land» hos oss, men me er med i ei gruppe som jobbar med planlegginga av prosjektet. Samstundes må me ha fokus på E39 frå Bokn til Aksdal. Der er det fleire utfordringar som må på plass, mellom anna med å oppdatere fleire av kryssa langs denne strekninga. Det har også vore ein debatt i Tysvær om korleis me skal ta imot eventuelle utfordringar som kan komme som eit resultat av fri ferdsel under fjorden. Det gjeld innanfor busetting og næring, seier Stakkestad.
– Korleis ser du på framdrifta?
– Eg håper at ein kan ta til i 2015 og vere ferdig i 2022 som ein har sagt offentleg nå. Eg ser at det er nokre som er skeptiske til denne tidsplanen, men eg håper at ein kjem i gang og at alle testar og prøvar av botnen gjer at ein ikkje møter på større utfordringar enn ein har kalkulert med.