Barnehagetankar

Det er kraftig fokus på drifta og kvardagen til norske barnehagar om dagen.

Landets største avis VG har gått gjennom rapportar og dokument knytt til kor bra det står til i den norske barnehagen.

Les ein berre overskrifter så kan ein samanlikne det å sende ungar i barnehagen med det å la dei leike langs ein motorveg. Ser ein litt meir nyansert på det som kjem fram, så er det både gode og dårlege forhold barn og dei tilsette i barnehagane er i.

I Tysvær ha me følgt barnehagane tett i mange år. Me har fått fri tilgang til både dei dokumenta me har spurt etter, har kunna stille dei spørsmåla me har villa og fått besøke barnehagar, både i dårlege og gode tider. Me har heller ikkje opplevd at dei tilsette har hatt noko munnkorg.

Difor har me danna oss eit nyansert bilete av barnehagetilbodet i Tysvær.

Me trur at dei kommunale tilboda me her nemne ikkje har noko å skjule. Me trur dei driv etter dei krav og lovar som finst. Og me trur at dei tilsette gjer den jobben dei er sett til. Det frå den sist tilsette assistent til barnehagesjefen. Men det betyr ikkje at det også i Tysvær skjer ulukker, er arbeids- og interessekonfliktar eller oppstår det ein kan kalle støy på arbeidsplassen.

Barnehagedrift er ikkje lett å forstå for dei som ikkje jobbar der. Og det skal ikkje vere lett. Om ein er litt stygg så er ytterpunkta i ein barnehagekvardag frå å ta vare på barn til å gi dei ein pedagogisk start og tilpassing til det som kjem i skulen. Det er ei formidabel oppgåve for dei som jobbar der, likså for dei som driv barnehagane. Det gjeld også dei som bygger og legg til rette for areal kor denne kvardagen med det aller første steget på eit utdanningslaup faktisk skjer.

Eg har sjølv stor respekt for dei tilsette i barnehagen. Difor voktar eg meg ekstra for å vere bombastisk når debattane rundt barnehagar dukkar opp. Respekten for den jobben som blir gjort gjer at eg faktisk får piggar ut.

Tar ein vekk unnataka som alltid finst, så er det ingen barnehagetilsette som bevisst vil gjere ein dårleg jobb eller utsette borna for fare. Det er ikkje deira feil om kommunar sparar seg til fant og ikkje finn midlar til oppussing. Slik me har oppfatta dei tilsette i Tysvær er det ein gjeng tilsette som vil vidareutdanne seg, vere oppdatert og som vil både små og store sitt beste.

Så får det bli vår jobb å passe på at dei som eig barnehagane også har den same motivasjon for å få dei beste resultata. For om ein skal vere varsam med å berre lese overskrifter, skal ein ikkje tru det berre er rosenraudt i vårt landstrakte land.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør