Det bognar over av god påskekrim i år. Bibliotekarane Randi Pedersen (til venstre) og Hege Marie Naley Paulsen viser oss stabel på stabel med godbitar når me er på besøk i biblioteket i Tysværtunet.
Det bognar over av god påskekrim i år. Bibliotekarane Randi Pedersen (til venstre) og Hege Marie Naley Paulsen viser oss stabel på stabel med godbitar når me er på besøk i biblioteket i Tysværtunet.

Grøssande god påskekrim

Påsken er norsk høgtid for krim. Veit du korleis det heile oppstod?

Av Mona Terjesen

Påskekrim er eit særnorsk fenomen, som oppstod ved eit reint tilfelle for 90 år sidan. Det heile starta med at Nordahl Grieg og Nils Lie under pseudonymet «Jonathan Jerv», gav ut kriminalromanen «Bergenstoget plyndret i natt». Boka blei lansert med brask og bram i Aftenposten laurdag 24. mars 1923, ei veke før palmesøndag. Takka vere broren til Nordahl Grieg, Harald Grieg som var redaktør i Aftenposten på den tida, blei krimboka bredt marknadsført med ei stor annonse på framsida av avisa. Fordi annonsen likna ein redaksjonell sak, blei mange folk lurt, og trudde at Bergenstoget faktisk hadde blitt plyndra i løpet av natta. Aftenposten blei nedringt av fortvila menneske som hadde familie og venner ombord på toget.

Det må også seiast at den misoppfatta annonsen i grunnen følgde opp plottet frå kriminalromanen, der ranet skulle skje nettopp natta til 1. april.

Dette var såkornet som gjorde at folk etterkvart forventa eit innslag av krim i påsken – og at forfattarar skodde seg på interessa.

Les meir i papirutgåva