IMG_3272
Bilde 1 av 10
IMG_3268.jpg
Bilde 2 av 10
IMG_3258.jpg
Bilde 3 av 10
IMG_3248.jpg
Bilde 4 av 10
IMG_3280.jpg
Bilde 5 av 10
IMG_3276.jpg
Bilde 6 av 10
IMG_3211.jpg
Bilde 7 av 10
IMG_3215.jpg
Bilde 8 av 10
IMG_3233.jpg
Bilde 9 av 10
IMG_3216.jpg
Bilde 10 av 10

Latter, song og moro på Downs syndrom-dagen

Godt over 150 gjester storkoste seg under Verdas Downs syndrom-dag i Karmsund vidaregåande skule sine lokale torsdag kveld.

Det blei rom for diktlesing, pizza og kake, allsong med Geir Toskedal i front, foredrag av forfattar og pedagog Caroline Tidemand-Andersen, ansiktsmaling og dans under feiringa.

For nokre blei det også tid til å pleie kjærleiken.

– Me er kjærastar. Har vore det ei stund no. Det er veldig kjekt å både treffe så mange andre her i dag, og få tilbrakt tid saman, seier Daniel Østrem Gaupås og Therese Bastholm.

Det var i desember 2011 at FN vedtok 21. mars som Verdas Downs syndrom-dag. Det måtte bli 21. for å markere det ekstra kromosomet som dei med den vanlegaste typen Downs har; Trisomi 21.

I neste utgåve av Tysvær Bygdeblad den 4. april, kjem det mange fleire bilde og ein lengre sak frå Verdas Downs syndrom-dag.