Skjermbilde 2013-03-25 kl. 14.18.02

LidoLido blir toppkonsertartisten og skal varme opp Beyonce

– Det blir garantert heilt utruleg stilig. Eg tar med meg fullt band og me skal gi alle som kjem ein flott konsert, seier LidoLido. Men først skal han «varme» opp Beyonce.

LidoLido har knapt nok fått søvnen ut av auga når den neste prosjektet blir presentert.

– Det å spele toppkonsert i Tysvær er stort. Det ser ein på namna som har vore der tidlegare. Eg har sjølv ikkje hatt sjansen, men nå når det endeleg er ei mulegheit, ja så skal eg spele der. Det blir same dagen som eg slepp det nye albumet mitt og same dagen som eg skal spele med Stavanger Symfoniorkester i Stavanger. Hektisk, men kjekt blir det, seier LidoLido.

Etter Spelemannprisutdelinga har artisten frå Frakkagjerd fleire jern i elden, noko som vil bli offentleggjort nå i påsken.

– Det stemmer at det skjer mykje akkurat nå.

– Eg skal vere oppvarmingsartist for Beyonce i Telenor Arena og eg skal vere med i ein kampanje for Pepsi Max. Det med Beyonce blir heilt sykt stilig. Kjenner på den, smilar LidoLido.

– Men eg kjenner også at det å få spele på heimebane likevel er heilt spesielt. Ser jo heim frå toppen der, glisar den ferske spelemannvinnaren.

I dag reiser LidoLido til Oslo for å spele inn video til den nye hiten «Sleeping on my piano»

https://tysver-bygdeblad.no/2013/01/13/sov-ikkje/

Kulturhusleiar Øystein Simonsen har sendt ut følgjande pressemelding:

«Det er med stor glede vi kan presentere årets gratis toppkonsert under Tysvær midtsommerfest;

15.06 kl 22.00 på Alvanuten:  tysværartisten Lido Lido med band

Konserten med spillemannsvinner Lido Lido blir samme helga som lansering av hans nye plate. Vi har stor tru på at årets toppkonsert kjem til å bli ei stor oppleving!»

Meir info om Lido Lido:

http://no.wikipedia.org/wiki/LidoLido

www.lidolido.no

Toppkonsert på Alvanuten blir i år arrangert for 8.gong, tidlegare artister har bla. vore ; Heine Totland/Christina Bjorland/Espen Eriksen, Herborg Kråkevik, Bjørn Eidsvåg, Susann Sundfør, Vidar Johnsen og Peter Nordberg, Thomas Dybdahl.

Besøksrekorden er frå 2009 då 2600 gikk opp for å oppleve Bjørn Eidsvåg i toppform på toppen. Toppkonserten er ein del av programmet i Tysvær midtsommerfest.

Å vere tilskoder på ein toppkonsert skiller seg ut frå dei fleste andre konserter; flott tur(ca 30 min gåtur opp då det ikkje finnes vei opp), natur, artist og ikkje minst vær !

Å vere arrangør for ein fjelltopp konsert innebærer litt ekstra logistikk når alt utstyr må opp med helikopter, samtidig er det ein stor tilfredsstillelse å lage til eit arrangement på ein så spetakulær arena !