I år var det faktisk «langt nok» på tur å vere heime for å oppleve solfylte dagar som kanskje har gitt litt ekstra energi til å ta fatt på nye veker.
Uansett er det ein ting som slår oss etter dei siste strålande dagane. Tysværbuen er utruleg aktive. Me har sagt det før, og det er berre å gjenta til det kjeisommelege. Me er aktive i ein kommune som legg til rette for aktivitet. Me er aktive i andre kommunar også, og det er fantastisk å registrere alle som har vore ute på tur, saman med familie, vener eller naboar i vårsola. Fjelltopp etter fjelltopp, rundløype etter rundløype, ja du skjønar kva eg meiner.
Og dette gjer noko med oss. Folk smiler, dei har fått farge og har mykje å fortelje. Ingenting slår ein norsk vår når sola skin. Og absolutt ingenting slår den norske fjellheimen, kvit og vakker i påskesol.
Det meldest om rekordmange småskader i påskefjellet i år. Eg tolkar det som eit teikn på at me har vore ute og nytta oss av det påskefjellet har å by på. Rett nok har mange nord for Trondheim hatt ein heller grå og våt affære, men her sørpå må me kunne godta at det av og til må litt gips til for å lege ivrige mosjonistar.
Men det er kaldt, nattefrost og småglatt i skuggen. Piggdekka skal av denne veka og oppfrodringa er sjølvsagt å vere ekstra på vakt.
For syklistane har ikkje den kalde mars vore til mykje glede. Dei mest ekstreme har sjølvsagt trilla langs vegane, men dette er neppe den sykkelvåren mange hadde drøymt om.
Det same gjeld for fotballfolket som har seriepremiere lokalt denne helga. Nå var det ingen som trudde på graskampar på denne tida av året, men banane våre ligg der gule og knallharde.
Det same gjer hagane. Neste veke skal me har vårnummer og bruker i den anledning å besøke nokre hageentusiastar. I år har det naturleg nok vore stille i hagen og berre dei mest hardbarka har vore ute. Trøysta for dei må vere at kulda skal ta knekken på brunsniglane.
Uansett, sola gjer noko med oss. Me blir i godt humør. Tusen takk til alle som har sendt oss påskebilete. Me skal etterkvart få dei ut på våre nye nettsider, slik at me alle kan mimre om påsken 2013, den beste nokon gong, i alle fall vêrmessig.
Og spørsmålet ein stiller seg; Er det mulig?
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør