instruktør

Imponerande danseglede

Nærare 200 danseglade pensjonistar var i dag i Tysværtunet og fekk svingt seg skikkeleg.

Tysvær Bygdeblad fekk vere fluge på veggen ein times tid. I neste vekes papiravis kan du lese om samhald, dans, moro og skikkeleg god trim.

– Dette er helse i kvar ein svettedråpe. Me har det kjekt saman og får god trim. Dans viser seg å vere noko av det beste ein kan gjere for å halde kroppen mjuk og fin også når ein blir litt opp i åra. Her er det deltakarar frå 60 til 90 år og me har det kjekt saman, seier Martha Falnæs.