Av Mona Terjesen
Frå 22. mars og fram til i går morges kunne folk stemme på den dei ønskjer seg som ordførar Harald Stakkestad (H) sin arvtakar ved neste kommuneval. Talen var klar: 38,89 prosent ønskjer seg Karsten A. Larsen.
– Veldig kjekt. Om folk har tru på meg og ønskjer å ha meg som ordførar så vil eg heilt klart ta på meg jobben, seier Larsen blidt.
Aleine på toppen
Stakkestad har fleire gonger signalisert at han kjem til å gi seg etter denne perioden.
– Gir eg meg så kjem eg i så fall til å informere valnemnda først, slik vanleg kutyme er, seier Stakkestad.
Les meir om undersøkinga i papirutgåva.