Frå venstre står Andreas Hundsnes, Jan Robert Fosen, Ørjan Østhus (som Isabell på framsida), Kjetil Urheim, Ingvald Johan Welde og Tore Hundsnes.
Foto: Mona Terjesen
Frå venstre står Andreas Hundsnes, Jan Robert Fosen, Ørjan Østhus (som Isabell på framsida), Kjetil Urheim, Ingvald Johan Welde og Tore Hundsnes.

Pardisefest i Sysco Arena

Fleire hundre tusen ser Isabell Andersen og Magne Robberstad på tv-skjermen kvar veke, der dei kjempar om 300.000 kroner i Paradise Hotel 2013. Laurdag er dei hyra inn for å feste med ungdom i Sysco Arena.

Av Mona Terjesen

Den 24 år gamle  bartenderen Isabell frå Oslo, ei blond jente som – i følgje henne sjølv elskar kosebamsar og Justin Bieber, er blitt særdeles populær blant gutane etter at ho kom på skjermen for ein månad sidan. Også Magne, ein 23 år gammal ljosdesignar frå Nesodden som har posisjonert seg i reality-serien som gledesspreiar og taktikar, er blitt ein yndling. At nettopp desse to kjem til Tysvær for å vere konferansierar og spreie feststemning, er medarrangørane Jan Robert Fosen, Ingvald Johan Welde og Andreas Hundsnes glade for.

Me fekk velje kven me ville skulle komme

– Me fekk velje kven me ville skulle komme. Isabell var ei sjølvfølje, ho er heilt klart favoritten blant jentene i årets Paradise. Og Magne er ein kul kar, seier Jan Robert som er sjølverklært Paradise Hotel-fan på sin hals.

17-åringen driv lyd- og ljosfirmaet «Sound Illusions» saman med mellom andre kompisen Ingvald Johan Welde (18 år). Dei to er frå Kopervik og stiller med fullt utstyr på laurdag.

– Det var Andreas (Hundsnes) som tok kontakt med oss fordi han ønska å arrangere ein fest for dei under 18 år, det ville me gjerne vere med på, så kontakta me Kjetil Urheim i Sysco Arena Drift AS, fortel Jan Robert.

Faktaboks

Lineup for kvelden er :

Paradise-Isabell

Paradise-Magne

Liri More (DJ)

DJ Ja9

DJ FaKeZ

DJ Veum