– Alle må komme for dette blir skikkeleg gøy. Me har øvd sidan haustferien og nå er me meir enn klare til å presentere «Vampyrenes forbannelse» ein slags komedie med snille vampyrar, musikk, dans og flotte kostymer. Det aller kjekkaste hadde vore om alle i klassane våre kom, seier Caroline Clausen, Melina Birkeland og Beate Solheim.
Dei tre skal ha sentrale roller i musikalen som er skriven av kulturskulelærar Sigrunn Arnesdotter.
– Me skal vere Willy, Wilhelmina og Wilbur Vakletann. Det skal bli moro for dette er eit knallkjekt stykke å vere med i. Me fekk vite om rollene like etter haustferien og nå er det alvor. Dette er eit stykke som passar for alle og me trur dei som kjem skal få seg ei hyggeleg overrasking. Me er ikkje skumle, berre morosame, smiler dei tre vampyrane.
Les om «Vampyrenes forbannelse» og «Revisoren» i papirutgåva.