Dag Frode Tønnesen (t.h.) skåra tre mål på ni minuttar mot Sveio og Kristian Haaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen (t.h.) skåra tre mål på ni minuttar mot Sveio og Kristian Haaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Tønnesen hattrick på ni minuttar

Stegaberg kjørte tidvis over Sveio og vant heile 6-0. Dag Frode Tønnesen skåra dei tre første og det siste målet.

Stegaberg-spissen starta showet etter sju minuttar. 1-0 blei til 2-0 etter ti minuttar. Da klokka viste 16 minuttar hadde han sikra seg årets første hattrick.
Espen Tørresdal stanga eit hjørnespark i mål og Jan Reidar Tjøsvoll fekk løn for mykje god jobbing då han auka til 5-0 like før pause.
Etter pause roa heimelaget det litt ned og cruisa inn til 6-0. Det siste målet blei også skåra av Tønnesen.

– Ein svært god 1. omgang og ein litt meir middels 2.

– Ein svært god 1. omgang og ein litt meir middels 2. Det som gleda mest i tillegg til måla var at det var ein godt gjennomført kamp av alle saman, seier Dag Frode Tønnesen.
– Raskaste hattricket i karriera?
– Ja det må det vere. Herleg å endelig putta i serien og dette var ketchupeffekten. Hadde spilt to seriekamper uten mål og har hatt tre foran meg på toppscorerlista, noe som er heilt uaktuelt, den tittelen skal eg ha som alltid, og helst ligga på topp heile tiå, ler Stegaberg sin nye toppskårar.
Godt nøgd
Også kaptein terje Kristiansen var godt nøgd etter 6-0-sigeren
– Første omgang er einvegskjøring. Flotte mål etter fint spill, dødballar og bakromsspill. Det er kjekt å kunne variere litt. I dag hadde eg også ny makker i Vegard Stakland på midten og han jobbar utretteleg. Men etter ein god start på 2. omgang, gjer me det litt vanskeleg for oss sjølv. Mye balltap, men dei får jo svært lite til på siste tredel av banen, så blei ikke det stora presset av det, seier Kristiansen.

Kaptein Terje Kristiansen var godt nøgd med 6-0.

Kaptein Terje Kristiansen var godt nøgd med 6-0.

Faktaboks

Stegaberg 6 (5)
Sveio 0 (0)
5. div., avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Dag Frode Tønnesen (7)
2-0 Dag Frode Tønnesen (10)
3-0 Dag Frode Tønnesen (16)
4-0 Espen Tørresdal (40)
5-0 Jan Reidar Tjøsvoll (42)
6-0 Dag Frode Tønnesen (77)