Kjell Andreas Lindgren (t.v.) og Geir Espevik hadde god kontroll på Hans Kr. Risanger, men tapte likevel. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kjell Andreas Lindgren (t.v.) og Geir Espevik hadde god kontroll på Hans Kr. Risanger, men tapte likevel. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sjansesløseri

Falkeid hadde sjansar nok til å vinne kveldens kamp, men svikta framføre mål Dermed kunne Karmsund reise heim med 2-1-siger og tre poeng.

I kraftig motvind klarte heimelaget å «stå an av» og 0-1 til pause var eit OK utgangspunkt. Og etter 15 minuttar av 2. omgang skåra Jan Kåre Frøyland.

– Me var gode i 2. omgang og fekk dei sjansane soom skulle til. Dessverre fekk me ikkje ballen i mål. Trist, men sånn er det, sa trenar Frode Hundsnes etter kampen.

Allan Ochoa blei matchvinnar ti minuttar før slutt.

Faktaboks

Falkeid – Karmsund 1-2 (0-1)

5. div. avd. 3

Troppene kunstgras

0-1 Kenneth Sele (3)

1-1 Jan K. Frøyland (60)

1-2 Allan Ochoa (80)

Tilskoderar: Ti i eit forferdeleg vêr.

Domar: Morten Johannessen, Vedavåg