– Mykje bra, men også noko som manglar i NTP, meiner Harald Stakkestad
– Mykje bra, men også noko som manglar i NTP, meiner Harald Stakkestad

Nasjonal transportplan: – Litt usikker

Det er mykje som handlar om Haugalandet i den nye NTPen som blei presentert for kort tid sidan. Likevel er ordføraren litt skeptisk.

– Først av alt meiner eg at staten sitt bidrag burde vore mykje større, at dei ikkje berre kasta desse utgiftene over på bilistane gjennom bompengar. Så meiner eg at det er prosjekt som burde vore prioritert mykje meir, som tildømes Haukeli-prosjekta. Det som likevel uroar meg mest er at eg ennå ikkje har funne Aksdalskrysset i NTPen, men me får rekne med og håpe den ligg inne i ein fellespott for Rogaland, seier Harald Stakkestad.

Sjølv om Tysvær på mange måtar kom godt ut av NTP-lanseringa opna ikkje ordføraren sjampanjen av den grunn. Så bra var det ikkje.

– Vel, noko må me seie oss skikkeleg godt nøgde med, men det blir framleis for mykje lapping og for lite skikklege tak i for oss viktige prosjekt. Ta til dømes Rogfast. Det blir lagt opp til firfeltsveg inn i prosjektet frå sør. I nord er det ingenting. Det betyr at ein kjører inn i moderne tider og ut til «gamal» slitt standard. Nei, her må me vere vakne og presse på vidare. Om det blir firfelt eller ein utbetra trasé med midtdelar kan diskuterast. Men noko må gjerast, seier Stakkestad.

Les meir i papirutgåva