Ny kamp i Nedstrand

Rutebåt og Nedstrand er dårlege greier. Det er bitter kamp, skitne triks og lite forutsigbart.

I alle fall om me skal tru på alt som nå kjem fram i debatten om nye rutetider, kutt og nye tider på sjøen mellom Nedstrand og øyane i sør.

For når bygdefolket hoppar i stolen og ser at Tysvær kommune ikkje eingong er invitert til å vere med på høyringa om det nye rutetilbodet er dei kampklare på dagen. Dei har vore der før og dei er det igjen. Det er på mange måtar ein håplaus kamp, men heldigvis for bygdefolket så er ordførar Harald Stakkestad også denne gongen på lag. Han har sjølv tatt kontakt med både Kolombus og Fylkeskommunen og bedt om å få komme med innspel. Det er slik det skal vere, og det er slik ein ordførar kan klare å samle dei mange bygdene han er ordførar for.

Det er på mange måtar ein håplaus kamp

Båtkampen i Nedstrand er viktig ikkje berre for bygdefolket, men for heile kommunen som den turistkommunen den er i ferd med å bli, og som den så sterkt ønskjer å vere. Å kunne reise frå eller komme til Nedstrand frå resten av Ryfylke har stor verdi for denne næringa. Med alle dei planane som finst i Nedstrand og som er knytt til ei turistsatsing me ikkje har maken til andre stader i kommunen, så skjønar ein at kampvilja er der. Og slike sakar samlar folk. Ein slåss saman og ein prøver å finne gode løysingar og kanalar ein kan sende desse løysingane til. For sjølv om bygdefolket veit kva som er det beste for dei når det gjeld båtruter, verkar det ikkje som om dei som styrer gjer det same. Difor er det svært viktig at ein kjører det same knallharde presset på dei som skal avgjere det heile, også denne gongen. For det er berre å konstatere at ein ikkje kan rekne med særleg støtte frå sør-fylket denne gongen heller.

Og det må vere fortvilande for ein kommune og ei bygd som dei siste åra har fått ein langt meir turistvenleg profil. Som ser at turisme kan skape liv i bygdene, gi arbeidsplassar og betre økonomi. Det er ein lang veg å gå i å skape levedyktige turistnæringar. Det krev samarbeid og eit felles løft. I Nedstrand ligg alt til rette for å skape noko unikt. Med eit sterkt historielag og bygdelag i ryggen kan private og næringslivet skape noko som gjer bygda endå meir kjent.

Men då treng ein langt meir støtte frå dei som styrer infrastrukturen til og frå bygda. Er alternativet for ein del turistar at ein må snu og kjøre tilbake når ein kjem til kaien i Nedstrand kan det vere at dei gjer det lenge før dei i det heile tatt kjem til bygda. Det kan også få konsekvensar for Borgøy og Skjoldastraumen.

Nei, her må det handlast og det nå.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør