– Heilt utruleg at me ikkje få ballen i mål. Me hadde så mange sjansar at me burde vunne klart. Men det ville seg ikkje. Eit par av dei siste var utruleg å sjå gå utanføre. Eg hadde sjølv eit par, sukkar trenar Thormod Ness.
Det så greitt ut då Dag Frode Tønnesen skåra etter to minutt. Men to dødballar i mot og vips så leia Vedavåg.
– Skuffande, men me har ikkje lag som kan kjempe nokon ut fysisk. Når me ikkje få fart på ballen kan det ende slik. Men dette burde og skulle me vunnet, sa ein skuffa Ness.
Meir om kampen i papirutgåva på fredag
Faktaboks
Stegaberg 1 (1)
Vedavåg 2 2 (2)
5. div., avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
1-0 Dag Frode Tønnesen (2)
1-1 Sjølvmål (37
1-2 Bjørn Langeland (42)