Skjermbilde 2013-05-16 kl. 21.23.25

«Dagi» show mot Kåsen

Stegaberg tok i kveld ein sterk 5-2-siger borte mot Kåsen. I spissen Tysvær sin toppskårar.

– Denne trengte me. Me starta kampen svært bra og tok leiinga 2-0. Så rota me det til og dei utlikna til 2-2 i 2. omgang. Men så skåra me ein gong til og lufta gjekk litt ut av dei. Mot slutten ofra dei seg framover og me nytta oss av det, seier tremålskårar Dag Frode Tønnesen.

Dermed har han ni mål så langt denne sesongen.

Spelande trenar Thormod Ness og Terje Kristiansen skåra også for Stegaberg.

– Bortsett frå starten av 2. omgang hadde me kontroll på dette, seier Tønnesen.

Faktaboks

Kåsen 2 (0)

Stegaberg 5 (2)

5. div. avd., 3

Kåsen 0-1 Dag Frode Tønnesen

0-2 Thormod Ness

1-2

2-2

2-3 Dag Frode Tønnesen

2-4 Dag Frode Tønnesen

2-5 Terje Krsitiansen