Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Best i Rogaland!

4. klasse på Frakkagjerd er best i heile Rogaland i å hoppe hoppetau, og tredjebest i Noreg. I går mottok elevane premie frå «Nasjonalforeininga for folkehelsa».

Av Mona Terjesen

I to veker i april deltok heile 110.000 norske skuleelevar frå 4. til 7.klasse i Noregs største hoppetaukonkurranse «Hopp for hjarta». Det er den frivillige, humanitære organisasjonen «Nasjonalforeininga for folkehelsa» som står bak den årlege konkurransen. Hensikta er rett og slett helseførebygging gjennom aktivitet.

– Det var ikkje vanskeleg å få dei til å hoppe i det heile tatt.

Elevane som var med på konkurransen hoppa i snitt i 34 minuttar kvar dag. På Frakkagjerd hoppa dei i heile 1 time og 39 minuttar.

– Det var ikkje vanskeleg å få dei til å hoppe i det heile tatt. Me brukte litt av timane på det, og dei var kjempeflinke til å hoppe i friminuttane i tillegg, fortel kontaktlærar Birthe Bjelland.

Les heile saka i papirutgåva.