Journalist og poet, Truls Horvei har på mange måtar tatt den «heilt ut» og serverer ein CD med diktlesing og fullt band.

Truls Horvei

Wow, Truls, wow

Journalist og poet, Truls Horvei har på mange måtar tatt den «heilt ut» og serverer ein CD med diktlesing og fullt band.

av Alf-Einar Kvalavåg

Terningkast 5

«Paraplyer ved havet»
Truls Horvei
Dikt
Med: Inge Rypdal, gitarar, Roy Ole Førland, keyboards,
Iver Sandøy, trommer og Einride Torvik, bass.
Musikkoperatørene 2013-09-13Side 6297

Og frå spor ein til elleve tar ein seg ofte i kor stilig dette er. Med Horveis slepne bergenske dialekt og eit hardt jobbande band som følgjesvener.
Eg har høyrt Horvei lese dikt før, og eg har lese kva han har meint i spalte til Haugesunds Avis. Sjølv om dette er hans tredje cd-utgiving har eg aldri før høyrt den unike og litt hese stemma, og periodevis råskapen, som musikarane får fram med sine musikalske innspel, i det som blir ei reise i ei svært behageleg miks av poesi og musikk.
Med teksthefta framføre seg kan ein lett følgje med i teksten, men gong på gong blir ein slått av kor godt musikken og lyrikken vandrar hand i hand.
Best kjem dette fram i ein «sugande» «Gammel Beatpoesi». Her drar saksofonen til Kjetil Mønster og gitaren til Inge Rypdal oss gjennom 7:47 minuttar med beatpoesi så rå og rytmisk at ein rett og slett er nøydt til å spele sporet om igjen. Og ein snakkar om dikt, om leik med ord, om ordspel og eit brennande ønskje om å formidle noko i korte linjer, kor mykje av forteljinga finst mellom dei nemnte linjene. Og det handlar om gitarspel, gitarspel som gjer at volumknappen får kjørt seg. Det er wow og det er wow ein gong til.
I diktet «Ordsvidd» startar teksten med «Da jeg falt i ordsuppen tidlig i tenårene»…
Når Horvei falt i ordsuppa veit eg ikkje, men ideen om å servere oss dikt, underfundige ok, men likevel, er ein heilt fantastisk god idé. Og ein dag kjem han forhåpentlegvis til ein scene nær oss.

Alf-Einar Kvalavåg