Klare for rallycross i Vikedal. F.v. Joakim Rønnevik, Åsmund Holten, Kenneth Johansen, Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge, Daniel Holten og Lars Reidar Frøyland. Foto: Sivert Ole Holten
Klare for rallycross i Vikedal. F.v. Joakim Rønnevik, Åsmund Holten, Kenneth Johansen, Ernst Holten Leifsen, Bjørn Magne Moland Enge, Daniel Holten og Lars Reidar Frøyland

Klare for rallycross på heimebane

Førarane frå NMK Vikedal er klare til å spisse formen, både på seg sjølve og bilane inn mot det som skal skje i helga, nemleg andre NM-runde i rallycross på Vikedal Motorbane. Dei fleste ønskjer seg ein plass i A-finalen.

Av Sivert Ole Holten

NMK Vikedal stiller med heile ti førarar i den andre NM-runden i rallycross, som altså går på heimebane. Joakim Rønnevik i rallycross junior cup, Åsmund Holten i klassen inntil 1600 kubikk, Lars Ivar Øye, Kenneth Johansen, Daniel Holten og Ernst Holten Leifsen i inntil 2000 kubikk og Håvard Helland, Ingvar Auestad, Lars Reidar Frøyland og Bjørn Magne Moland Enge i den største klassen, med motorar over 2000 kubikk.

Då det sist vart køyrt NM-runde på Vikedal Motorbane var både Ernst, Kenneth, Bjørn Magne og Daniel i A-finale, og Daniel Holten gjekk heilt til topps i løpet. No er dei sugne på nye gode resultat.

– Planen er A-finale, er eit nesten samstemt svar frå dei sju som var samla til presse-konferanse  på Vikedal Motorbane tysdag.

Ernst Holten Leifsen er likevel litt meir nøktern. Han stiller nemleg i ein heilt nybygd 2013 modell Citroen DS3, som nesten ikkje har vore køyrd.

– Under NM-opninga på Gardermoen var det motortrøbbel, no skal dette vere orden, og det skal bli moro å få køyrt til helga.

Bilen har han bygd sjølv, og han syns det er artig å ha ein heilt ny bil som folk kjenner.

– Karosserimessig er bilen nokså lik den som Petter Solberg køyrer i rallycross EM, sjølv om innmaten nok er noko ulik.

Heller ikkje Lars Reidar Frøyland vågar å love sin fans frå Tysvær at det blir A-finale. Han køyrer nemleg sin aller første NM-runde i rallycross og er nervøs.

– Eg er alltid nervøs, men no merka eg alt i dag at nervene kom då eg svinga oppover mot Vikedalsdalen og motorbanen.

Lars Reidar har nemleg investert i ein Volvo S40 for den største klassen, har køyrt eit løp i Vestlandsmesterskapet, som han vann.

– Ser fram til å køyre NM-runden på Vikedal Motorbane, og resultatet har avgjer om det blir fleire NM-rundar, elles blir det køyring på Vestlandet.

Bjørn Magne Moland Enge blei nummer fire sist det vart køyrt NM-runde i Vikedal, på søndag vil han på pallen.

– Målet er betre enn sist, så då må det bli pallen.

Det er Joakim Rønnevik, Åsmund Holten og Kenneth Johansen som ligg best an i sine klasser. Kenneth vil i A-finalen og i tillegg vere best av NMK Vikedal førarane i klassen.

-Målet er klart, på søndag skal både Daniel og Ernst vere bak meg på resultatlista.

Joakim Rønnevik har også eit klart mål, nemleg ei ny pallplassering,  som det blei i første runde i rallycross junior cup, då han blei nummer to.

-Gler meg veldig til å køyre, og skal eg hengje med i samandraget til slutt må eg nok på pallen på søndag.

Åsmund Holten fyller 16 år i sommar, men køyrer rallycross saman med seniorane i ein Citroen Saxo. Bilen som broren Daniel vart Noregsmeister i 2010. Han har planen klar.

-Viktig å få ei god tid på tidskjøringa, då blir det køyring saman med dei raskaste førarane i første omgang,  og det blir enklare å få ei god tid, som er viktig.