Men gløym domaren for i denne kampen er det spesielt tre spelarar som kjem til å hugså sin sjanse.
Først var det Morten Frøland som på kjent vis sparng frå alt og alle og berre skulle pløassere ballen forbi keeper Ruben Aksnes. Men ballen hoppa og spratt på den dårlege matta og keeperen fekk redda.
Så berre minuttar seionare landa ballen hos Espen Helgeland. Frå et par meter hald skulle han berre plassere ballen i opent mål.
Om dei to sjansane var store går prisen for dagens bok til FKH-spelar Arent Emil Hauge. Han runda elegant Skjold-keeper Andreas Jacobsen. For opent mål sendte han ballen over målet og dermed «måtte» det ende 0-0.
– Det var ein grei kamp av oss, men me burde skåra, sa Skjold sin bestemann Jonas Risanger.
– Eg hadde berre fokus på ballen, men fekk den ikkje inn. Surt, for denne kunne me vunne, sa Espen Helgeland.
– Me mangla ein del folk og var litt heldige at det gjorde FKH også. Me hadde grepet om kampen lenge, skapte sjansar men fekk dessverre ikkje mål. Men solid var det likevel, seier trenar Håkon André Waage.
Meir om kampen i papirutgåva på torsdag.
Faktaboks
Skjold 0 (0)
FKH 3 0 (0)
4. div. adv. 3
Grinde stadion
Domar: Roy Pedersen, Torvastad
Gult kort: Sigbjørn Tysvær, Skjold og Tom Undheim, FKH
Tilskodarar: 200 (fun dag)