Politiet fekk beskjed om ulykka klokka 00.25. Dei tre menna i alderen 28, 39 og 40 år gjekk på grunn i Toftøysundet ved Liarvåg, ein hamna under båten. Alle tre skal ha blitt skadd, ein hardt skadd.
– Dei tre er alle frå distriktet, opplyser lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.