Engasjerte tilskoderar ser på at «Gråtass» slår graset på gamalt vis. Foto: Ingvild Myklebust
Engasjerte tilskoderar ser på at «Gråtass» slår graset på gamalt vis. Foto: Ingvild Myklebust

Livet på garden

Det er slutten av mai, og tradisjonen tru opna Tveit vidaregåande skule på Nedstrand låvar og fjøs. I helga var det tid for Open Gard!

Av Ingvild Myklebust

I fleire månader har lag og foreiningar på Haugalandet jobba med å sy saman nok eit Open Gard arrangement på Tveit vidaregåande skule på Nedstrand, og søndag braka det laus igjen. Denne dagen er det landbruket som står i fokus, og med sol frå skyfri himmel og med gradestokken krypande opp mot tjuetalet var det mange som nytta dagen til å oppleva gardslivet på Tveit.

Dyr i fokus

Rundt om på heile plassen på Tveit er det sett opp bur og innhegningar i forskjellige storleikar. Det høyres rauting, kakling og bjeffing, og lukta av høy heng i lufta. Heile dagen er kan ein sjå på dei forskjellige dyra som er utstilt, og nokon heldige fekk og klappa eller halda ein pelskledd ven. Dyrelivet på ein gard er bredt representert, med alt frå små kaninar til store tunge oksar og hestar. På ei grasslette er det utstilt moskusender, og Sunniva Nordbø frå Førre har fått lov til å halde ein av dei små endene.

– Denne anda var kjempesøt. Eg er veldig glad i dyr, fortel ho mens ho held den skjøre andungen tett inntil seg med beundring i blikket.

Sunniva har vore på Open Gard fleire gonger, og fortel at det kjekkaste er å klappa dyra.

– Eg synest det er veldig kjekt på Open Gard. Det er mange dyr som ein ikkje ser til vanleg, og det er litt morosamt, seier ho og peikar på ei kalkun som bles opp fjøra.

Les meir og sjå bilete i papiravisa.