Ting tar tid

Denne veka blei me invitert til å komme å høyre på kva Per Berge i Berge Sag og Trelast meiner om bustadutbygginga i Tysvær dei neste åra.

Saman med Olav Askeland frå Askeland Bygg hadde han blitt invitert av Tysvær sitt største parti Høgre til å fritt komme med sine tankar.

Det var eit godt møte kor politikk for eit kort augeblikk blei lagt tilsides og kor realisme og visjonar fekk rikeleg med plass.

For når ein skal møte den forventa befolkningsauken i Tysvær må ein ha både draumar og realisme bak vesten. Det nyttar ikkje, i følgje Berge, å «putla» med småprosjekt om ein skal ta unna det trykket som kjem i dei neste åra.

Ein ringveg rundt Aksdalsvatnet, skulestruktur, vegløysingar og anna infrastruktur må avklarast og eventuelt godkjennast i kommunale planar før ein startar å grave ut nye bustadområde. Det var ei klar melding. Ein må vere klar den dagen eit nytt felt blir godkjent, ein kan ikkje starte planarbeidet då. Eit anna tydeleg poeng var at ein kan ikkje sjå isolert på Skeiseid eller på søre-Tysvær. Ei heller på Aksdal eller Grinde. Ein må tenkje samanhengar og ein må tenkje stort.

Dette blir vanskeleg for dei folkevalte i Tysvær. Her er det steile oppfatningar om kor ein vil satse og kva tid. Og dei som ser føre seg både nye bustader, ny skule, idrettshall og næringsareal i Tysværvåg om kort tid, fekk seg ei ny påminning av fagfolka rundt bordet. Det blei nemnt både sju og ti år fram i tid, om ein satsar.

For Høgre har dette vore tanken heile vegen. Dei vil satse parallelt og nikka til Berge sine spådomar. Å ha eit fokus på Skeiseid/Frakkagjerd betyr ikkje at ein ikkje vil ha fokus på og utvikle søre-Tysvær. Men ein må ha ein plan og akkurat den planen svevar litt akkurat nå.

Grunnen til det er fleire avgjerande punkt. Kommuneøkonomi, usikkerheit rundt Rogfast oppstart og konsekvensane av T-forbindinga, reisemønsteret etter at Rogfast er ferdig og ringverknadane av næringsparken på Gismarvik. Det er også ein lang veg å gå for å finne fram til korleis ein skal drifte utbygginga. Skal det skje gjennom eit AS, eit eigedomsselskap, eller skal kommunen stole på at utbyggjarane blir med på spleiselaget det vil bli å få på plass ein omfattande infrastruktur.

Møtet med dei to utbyggjarane kan oppsummerast i tre punkt.

Det er muleg å legge tilrette og bygge opp mot 2000 bustader i Tysvær i åra som kjem, men det blir dyrt og det vil ta tid.

Så til alle dei som går og ser etter gravemaskinar på Skeiseid og i Tysværvåg. Dei kjem ikkje i år, ei heller til neste år.

Og året etter der er det val.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør