Aleksander Nilsen fekk store problem med å stoppe tremålskårar Mathias Johnsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Aleksander Nilsen fekk store problem med å stoppe tremålskårar Mathias Johnsen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Trist og tafatt

Skjold fekk rett og slett bank av Djerv 1919. I løpet av 15 minuttar lot dei heimelaget skåre fem gonger. Då blir det tap. Det enda 6-2.

Ein sånn der 1. omgang og ein forferdeleg 2. omgang gjorde at Djerv 1919 kunne spasere inn til tre fullt fortente poeng på Djervbanen.

– Det var rett og slett ingenting som fungerte. Spesielt ille blei då dei skåre fire fem mål ut av ingenting. Då var me skikkeleg svake. Me reiste oss litt mot slutten og skåra to mål, men då var det sluttkjørt for lengst, sukkar Jarle Stakland.

Det var rett og slett ingenting som fungerte

1-0 kom etter ein teljefeil og 4. divisjon sin toppskårar Eirik Baustø skåra sitt første av to mål. 2-0 og 3-0 kom etter at Skjold-keeper Andreas Jacobsen kom på etterskott på grunn av ein vond fot.

– Eg fekk meg ein smell i 1. omgangen og det blei berre verre. Eg kom meg ikkje ut av banen raskt nok kan ein seie, men dei slapp alt for lett til uansett, seier Jacobsen som burde tatt begge dei skåringane.

Hattrick

Mathias Johnsen skåra tre av Djerv 1919 sine mål og var saman med Baustø meir enn nok å halde styr på for eit dårleg organisert Skjold-lag. Også Anel Hopovac teikna seg på skåringslista.

Rune Lindanger og Espen Helgeland skåra for Skjold i det som må ha vore den mest tafatte og dårlege kampen til nå i år.

– Eg er skuffa over korleis me løyste dette og her var det mange som ikkje gjorde dei oppgåvene dei skulle. Huff dette var ille, konkluderte trenar Håkon André Waage.

Meir om kampen og ein syltynn spelarbørs i papirutgåva torsdag.

Faktaboks

Djerv 1919   6 (1)

Skjold           2 (0)

4. div. avd., 3.

Djervbanen

1-0 Eirik Baustø (29)

2-0 Mathias Johnsen (58)

3-0 Mathias Johnsen (61)

4-0 Anel Hopovac (70)

5-0 Mathias Johnsen (73)

5-1 Rune Lindanger (77)

5-2 Espen Helgeland (str. 84)

6-2 Eirik Baustø (89)

Tilskoderar: 50

Domar: Frode Nygaard, AIL

Gult kort: Morten Bådsvik, Skjold og Mathias Johnsen, Djerv 1919