Takk for at ein gidd

Sundag var nærare 1.000 ungar frå fem til ti år samla i Tysværvåg til Kårstøcup. Minst like mange vaksne sto og heia på sidelinja.

«Det er heilt vilt» at fotballen framleis, i kamp mot alle andre tilbod, kan engasjere så mange på ein slik positiv måte.
Denne helga var det Falkeid IL som var vertskap for hordane av små fotballspelarar. Eit stort apparat er tromma saman og eit like stort engasjement blir vist fram. For dette handlar om meir enn å tene pengar. Dette handlar om å gjere noko kjekt i saman, om å skape aktivitet i og rundt klubben, noko klubben på Troppene er blitt svært så flinke til.
Nå er me så heldige i Tysvær at både Stegaberg og Skjold også inviterer til like store turneringar seinare i år. Tar ein med aktivitetane i Nedstrand neste helg og padleklubben sitt Noregscupstemne for kort tid sidan, ser ein at me er i ein heilt unik posisjon i Tysvær. Der skjer det aktivitetar for ungane våre i nærmiljøet og det er aktivitetar som fengar, som er populære også for dei vaksne og som gjer at klubbane får ein unik mulegheit til å vise fram kva dei driv med og står for.
Å gå rundt på ei fotballturnering er ei merkeleg oppleving. Om det er på Ekebergsletta under Norway Cup eller på Troppene ein sundags ettermiddag i juni er det same. Stemninga og lydane er dei same. Gleda eller sorga etter sist kamp. Gleda og spenninga framfor den neste kampen. Var det mot Nord, Vard eller Skånevik? Det spelar inga rolle. Det er kjekt å vere med. Kampane er ein ting, det å treffe andre noko anna. Ungar har ein eigen evne til å finne nye vener om det så berre er for ein ettermiddag på ein kunstgrasbane.
Kor mykje er dette verd?
Mykje. I Tysvær har ein dei siste åra brukt mykje pengar på fotballen. Det er vanskeleg å seie noko anna enn at det har vore vel anvendte pengar. Og då tenkjer eg ikkje berre for fotballspelarane, men også for den samlingsstaden fotballbanane er i bygda. For dette er viktig når det gjeld å byggje engasjement. Då me kom til Troppene på sundag trefte me ein gjeng frå Førland. Dei kjente oss att og før dei sa noko som helst kom spørsmålet som viser kva nokre kvadratmeter med kunstgras kan bety:
– Veit du kva me skal få?
Ja, me veit og det er berre å gratulere den litle bygda og den litle klubben med at det neste veke kjem kunstgras på banen ved skulen. Kan hende skal noko av stemninga og entusiasmen frå Kårstøcupen også blomstre der i åra som kjem.
Fotballfamilien lever i beste velgåande og engasjementet blant liten og stor er berre å beundre.
Så takk til alle dei hundrevis av friviljuge i Tysvær som gjer at slike cupar finst og at me får vere ein del av dei.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør