Dag Frode Tønnesen skåra tre nye seriemål og er målkongen i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Dag Frode Tønnesen skåra tre nye seriemål og er målkongen i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Trippel «Dagi» knuste Ferkingstad

I ei tid kor dei fleste lokale spissane slit med å finne nettmaskene, leikar Dag Frode Tønnesen seg. – Det er måla som motiverar meg denne sesongen, ingen tvil omdet, seier toppskåraren etter tre nye mål mot Ferkingstad.

Mot gjestene frå Karmøy skåra han tre nye. Dermed har han 13 så langt denne sesongen, dobbelt så mange som nummer to på den lokale lista.
– I dag kunne eg vel ha skåra eit par til, men me var nøgde då det sto 4-2. Det var ein kamp me måtte vinne, og det gjorde me. Kjekk kamp var det, smilar storskåraren frå Høgahaug.
Stegaberg styrte de meste av kampen og gjestane sine to mål må settast inn på kontoen for trøystemål.
– Me var mange juniorrar på banen i dag og gjorde ein god kamp. Me turde halde på ballen og spelte dei tidvis ut. Spesielt mot slutten var det mykje bra spel. Og slik må me spele utan tømmer me oss heilt for krefter, sa trenar Thormod Ness, som nok ein gong spelte ein solid kamp som midtstoppar.
Ådne Nærheim sendte i veg eit frispark som ein uheldig Ferkingstad-spelar heada i eige mål.
– Eg skal nå snakke litt med domaren, for det der var midt mål, gliste den høgreiste suldølen etter ein god kamp i stopparpar med trenaren.
Kort sagt var Stegaberg best i alt og vann fortent. Men som Tønnesen heilt rett konkluderar kunne det og burde det vore eit par mål til.

Faktaboks

Stegaberg 4 (1)
Ferkingstad 2 (0)
5. div., avd 3
Frakkagjerd stadion
1-0 Dag Frode Tønnesen (18)
2-0 Dag Frode Tønnesen (47)
2-1 Ole H. Sletten (57)
3-1 Sjølvmål (67)
4-1 Dag Frode Tønnesen (81)
4-2 Alf R. Smelvær (86)
Domar: Kai S. Hetland, Vard
Tilskoderar: 30