Sykkeleventyret

Laurdag og søndag kan store og små stille til start til ein ny sykkelfest i Tysvær.

Tungt sponsa av Steinsvik Group og våre vener i mediehuset i Haugesund, vil nærare 1.500 syklistar måle krefter mot kvarandre. Strålande, sjølvsagt og både eit godt helse- og idrettstiltak.
Det er ikkje utan grunn at sykkelsporten står godt i vår region. Gode løypetrasear og eit etter kvart svært godt sykkelmiljø legg til rette for trening kvar einaste dag, nesten året rundt. Stadig fleire syklar til jobb og skule og dei ivrigaste i kondomdrakt er å sjå langs vegen både seint og tidleg.
Sjølv om det har blitt betre og betre å sykle i Tysvær er det framleis ei stort behov for sykkelvegar og me får berre krysse fingrane for at både fylkes- og lokalpolitikarane ser kor viktig helsegevinst det er i sykling.
Når syklistane tar til i den «nye» traseen, dette året, går det både i utmark og langs vegen. Sist helg skjedde det same i Nedstrand. Stort lokalt engasjement og velvillige grunneigarar har gjort det muleg å skipe til arrangement der også naturopplevinga har fått sin rettmessige plass. Ein tur i løypene både i og rundt søre-Tysvær og i Nedstrand er meir lokal marknadsføring enn all verdas annonsering. Kjensla ein får av å vere nær naturen samstundes som ein slit med mjølkesyre og pust, må berre opplevast.
For ein del år sidan var eg og såg på «Tysværrittet», eit landevegsritt som samla ei handfull med syklistar. Dei fleste hadde ikkje postadresser i Tysvær og såg på rittet som eit av mange i løpet av sesongen.
Så begynte bedriftsidretten på Kårstø-anlegget å rulle. Sykle til jobben, blei noko ein høyrte mykje om, og såg mykje til. Det var kan hende starten på det sykkeleventyret me ser i dag.
Nå treff ein på tysværbuar på sykkel overalt. Bergen – Voss, Haugesund – Sauda, Nordsjørittet og Garborgrittet. Dei held saman, og dei gjer det godt. I sykkelfamilien er det plass til mange, og ein kan sjølv velje kor mykje tid og pengar ein ønskjer å legge i det. Sykkelsporten er blitt ein idrett for alle, og det er derfor kjekt å sjå at over 1.000 vaksne har meldt seg på rittet på laurdag, som er eit venteritt til «Hårfagrerittet» er på plass igjen.
Og det beste av alt. Snart startar årets «Tour de France», med tysværbuar både langs løypene og på kryss og tvers i Frankrike, men også klistra framføre fjernsynet. Før var dette eit arrangement som me knapt nok visste kva var. Nå er det blitt ein naturleg del av feriane til mange, og noko det er lov å sjå på, sjølv om sola skin og ein strengt tatt burde vore ute.
Sykling er kjekt, så ta turen til Troppene eller still deg opp langs vegen og hei på dei som skal måle krefter med kvarandre i helga.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør