Av Ingvild Myklebust
Det var stolte medlem av familien Askvig som møtte kundane i og utanfor butikken på laurdag. Hundre år er gått sidan Martin Askvig frå Hjelmeland opna butikk på Hinderåvåg, og dette markerte dagens butikkeigarar ved å invitera kundane til feiring på plassen utanfor butikken. Vertane kunne freiste med grillmat og kake til alle, ein tur i hest og kjerre for dei som ynskja det, og bilete-utstilling i eit eige telt.
Hundre år i familien
Det som er spesielt med akkurat dette hundreårsjubileumet, er at butikken på Hinderåvåg har vore i same familie heile tida. Fjerde generasjon overtok nyleg drifta av butikken.
– Me synest sjølvsagt det er veldig stas å feire hundreårsjubileum. Det er kjekt å tenkje på at vi har hatt butikken i familien så lenge, seier Helge Morten Askvig som i dag driv butikken.
Det er ikkje mange butikkar som kan skryte av så lang ferdselstid som butikken på Hinderåvåg. Helge Morten trur at deira suksess med å vidareføre bedrifta frå generasjon til generasjon har noko å gjere med positive forgjengarar og godt arbeidsmiljø.
– Eg trur grunnen til at drifta av butikken har vore i familien så lenge er at dei som har drive den har kost seg med det, at arvtakarane har sett dette, og fått lyst til å gjere det sjølv, seier Helge Morten og legg til at han sjølv har vore bestemt på å ta over butikken sidan han var liten.
Butikken til familien Askvig ligg midt i sentrum av Hinderåvåg, der den er svært sentralt i forhold til skular, barnehage og sjukeheim. Dette gjer at det sjeldan er stille i butikken, anten folk kjem for å handle, eller berre for å få seg ein prat over ein kaffikopp.
– Ein butikk på ein liten stad som Nedstrand blir mykje meir enn berre ein butikk. Det vert ein møtestad der folk treffest og snakkar med ein annan. Vi ynskjer å gi kundane våre ei god oppleving når dei er hos oss, og spesielt på ein dag som denne er det viktig å visa at vi set pris på alle som brukar oss, seier Martin Askvig. Han har lagt drifta av butikken i sonen sine hender, men jobbar framleis fast i butikken.