Gina Gedick hadde litt av ei helg. Ho tok bronse i Ungdomsmeisterskapen på K1 2500 meter og blei tatt ut på ungdomslandslaget til Nordisk Meisterskap i Danmark i byrjinga av august.
– Dette er Gina sin første pallplassering i ungdomsklassen. Ho har treft forma perfekt inn mot eit av sesongens desiderte høgdepunkt, fortel trenar Lavrans Eikje.
Om landslagsuttaket fortel Eikje at også Sofie Dybdal, Stian Kallekodt og Christina Vedø ligg bra an til å bli tatt ut til Nordisk.
– Dei får endeleg beskjed av landslagsleiinga i løpet av veka, nikkar han.
Ei anna lovande jente som gjorde det svært godt i helga var Christina Vedø. Ho vann både K1 500 meter og K1 200 meter i seniorklassen under Noregscupen.
– Christina Vedø har vært god heile sesongen, seier Eikje.
Unge talent
Steffen Larsen var også på pallen i juniorherreklassen – to gonger.
– Han fortsett å imponere. Først tok han ein overlegen siger på K1 500 meter på laurdagen så siger på K1 200 meter på søndagen, fortel trenar Lavrans Eikje.
På andreplass på K1 200 meter kom Trygve Staupe – like bak Larsen og sikra dermed Tysvær dobbelsiger.
Det var også fleire av dei yngste padlarane som gjorde det bra i Bergen i helga.
Sander Askeland tok heile tre bronsemedaljar, i K1 200 meter, i K1 500 meter og K1 1500 meter i 12-årsklassen. Sofie Dybdal padla inn til sølvmedalje på K1 200 meter i juniorklassen, og Lena Dybdal imponerte med sølv på både K1 200 meter og K1 500 meter i jenter 14-klassen. Stian Kallekodt sikra seg sin første pallplassering i juniorklassen med bronse på K1 1500 meter.