«Mens ein venter på noko godt…»

Førre veke starta me opp sommarsidene våre i Tysvær Bygdeblad. Kvart år sett me av fire aviser til sommarstoff. I årets første «sommarprat» fortel forfattar, journalist og lærar Håvard Førland at det beste han veit med sommaren er å gle seg til den. Eg smakte på denne setninga då han sa den, og også etterpå – då eg las stykket på trykk i avisa. Og eg fann ut at – jammen har han rett. Me blir aldri for gamle eller for vaksne til å gå rundt å gle oss til sommaren.

Kvart år når hausten slår over i bitande kald vinter, gler eg meg stort til jula. Til dei varme ullgenserane, det store kakaokruset om kvelden, fyr i peisen, gåveplanlegging, lage adventskalender til ungane (kanskje får eg ein sjølv også?), pyntinga, «Tante Pose» på tv og ikkje minst gler eg meg enormt til sjølve julaftan. Men så…. får eg som regel aldri denne kalenderen eg så gjerne vil ha, og det hopar seg som regel opp i desember, slik at både kalenderlaging, pynting og julegåveinnkjøp endar opp i eit stort stress. Og med julekaker, godteri og pynt i butikkane i oktober – er ein stort sett rimeleg lei før ein er midtvegs i julemånaden. Og på sjølve aftanen er eg så sliten når me kjem til gåveoppakkinga at eg knapt får med meg noko som helst…

Ventetida til sommaren er annleis har eg funne ut. Fordi ein nyt ho på ein heilt annan måte. Trass i at ein sitt på jobb, gjerne inne på eit kontor, så ser ein sola skine utanfor. Det er framleis lyst og varmt idet ein sett seg i bilen med nasen heimover på ettermiddagen, og ein stressar ikkje. Ein kan vere lenge ute og nyte vêret, gjerne på terrassen i godstolen med ei bok mellom henda og noko kaldt i glaset. Ein kan leke med ungane på plenen etter middagen og vite at ein framleis har mykje igjen av dagen. Ein får rett og slett tid til meir kvalitetstid om sommaren – og det attpåtil mens ein gler seg til ferien.

Når ferien endeleg startar så er ein allereie i feriemodus. Og er ein lur og ikkje fyller ferien med alt ein får plass (tid) til, så er det gode mogelegheiter for å få slappe litt av også. Og nyte denne fine årstida til fulle. For det er jo det ein verkeleg gler seg til resten av året? Mogelegheita til å senke skuldrene og ikkje måtte gjere noko som helst?

Eg har tenkt at sommarferien er noko eg kjem til å sakne den dagen eg blir pensjonist. Stakkars dei som ikkje får den å gle seg til lengre, har eg tenkt om nybakte pensjonistar. Men, no har eg gjennom mitt vesle resonnement, funne ut at det er jo nettopp det som er heile poenget. Ventetida er den same uansett. Ein gler seg til sommaren, ein gler seg til å reise, ein gler seg til lange dagar og lyse netter. Uansett kor ein er i livet. Ventetida er akkurat like herleg uansett…

God sommar

Mona Terjesen, redaktørvikar