Agurkfritt i Tysvær

Om sommaren seier ein gjerne at avisene er fulle av «agurksaker». Saker ein berre fyller avisa med fordi ein ikkje har noko betre for hand.

Type «Jente redda fuglunge, «Petter (70) har kommunens høgaste hekk», «No smaker bæra best» osv… Saker ein rett og slett tyr til fordi det «ikkje skjer noko». Politikarane har ferie kvardagen blir lagt brakk. Og av ein eller annan grunn har også me avisfolk denne «agurktermologien» innarbeidd. Me tenkjer automatisk at om sommaren skal me ha «lette» saker på trykk. «Agurksaker».

Eg har funne ut at dette ikkje gjeld i Tysvær. Det skjer for store ting her og for store folk kjem frå Tysvær til at det skal kunne skje. Det er rett og slett liv og røre heile tida – også om sommaren. Til gangs. LidoLido opptrer for ein halv million menneske i USA, Alexander Søderlund signerer med Rosenborg, seks padlarar kjem på landslaget, Skjold knuser serieleiaren, Tveit vidaregåande slår alle søkarrekordar, Skjoldastraumen fylles til randen under Slusedagen, sommarkinoen er i gong i Tysværtunet og turistane myldrar i Tysvær… I det heile tatt.

Med til tider berre ein i redaksjonen i sommar er det regelrett travelt å jobbe i Tysvær Bygdeblad – og det midt i «agurktida».

Mens eg skriv om det, kjem eg til å tenke på; kva er eigentleg agurksaker? Og kvifor er det så lite viktige? Ein kallar det gjerne agurksaker om me skriv om ungar som badar i den kalde sjøen eller eldre som reiser på ein organisert tur… men kven er det som bestemmer om dei er viktige eller ikkje? For dei det gjeld, er også desse sakene verdifulle(?).

Greitt nok med slike billige forbrukarsaker som ofte fyller riksavisene – også på framsidene om sommaren; «Slik mister du valkane», «Me kårar den beste isen» osv… dei er kanskje ikkje dei mest nyttige sakene, men lokale saker som omhandlar menneske, bør aldri kallast «agurksaker», det er dei for viktige til. Alt som omhandlar redaksjonelle saker og «agurk…» burde vore fy-ord. Eller?

I fjor hadde me ein eigen heading i avisa over saker som me kalla «agurknytt», rett og slett ein sjølvironisk parodi på oss sjølve. Det gjer me ikkje igjen.

Så, takk Tysvær, for at du er ein slik travel kommune og syter for at me ikkje fyller avisa med noko anna enn det me er stolte over, og takk  til alle som bidrar til alt mylderet og livet. Takk for at de gjer vår jobb til ein spinntravel, spennande og takksam jobb.

Og la oss no gjere med «agurksakene» som med janteloven – begrave dei ein gong for alle.

Mona Terjesen, redaktørvikar