Fantastisk innsats i Norway Cup av Falkeid
Foto: Lars Johannes Liknes
Fantastisk innsats i Norway Cup av Falkeid

Tysvær – Dei andre 2-4

Nå går det unna i Oslo. Falkeid sine J15/16 er nettopp ferdig med sin kamp mot Lyn og dei vann 1-0. Nå blir det kvartfinale i morgon. Dermed har Tysvær-laga vunne to av fem kampar i dagens sluttspel.

Det er dramatisk å vere med i Norway Cup om torsdagen.

Falkeid vann den spanande 1/8 dels finalen over Oslo-laget etter ein skåring av Benedicte Hartvigsen.

Jentene til Skjold 15/16 vann på straffar og gjekk heilskinna vidare.

Men i kveld var det slutt. Bremnes vann 2-0.

For Falkeid sine jenter i same aldersgruppe var det ikkje like spanande.

– Røa var eit svært godt lag som kan vinne det heile, sa Olav Askeland etter kampen som Falkeid tapte 5-1.

Også juniorlaget til Skjold måtte ut i straffekonkurranse. Den enda med 1-3-tap for afrikanske Kayda.

– Eit godt og samkjørt lag som ga oss god motstand. Me hadde våre sjansar, men det blei tap på straffar, seier Hans Gunnar Hansen.

Men det er framleis kampar att i Oslo med Tysvær-lag på den eine banehalvdelen.

I morgen tidlig spelar Falkeid mot Hønefoss kl 09.00

Følg oss på Facebook for oppdatering.