Ingenting gleder dei som prøver å legge til rette for aktivitetar meir enn når folk finn vegen til stranda, til ein fjelltopp eller tøffar rundt i båten. Og om strendene er attraktive allereie, skal det bli betre.
Dragavika
Geir Stakkestad er sjølv brukar av badeplassen Dragavika. Han har lytta til kva folk snakkar om og ønskjer seg. Nå kan den nye vassleidningen som kjem i land der opne for at eit av dei største ønskja blir innfridd. Og det kan hende allereie neste sommar.
– Målet vårt er å få til eit nytt toalettbygg i Dragavika
– Målet vårt er å få til eit nytt toalettbygg i Dragavika når ein nå skal i gang med å legge opp til vass- og kloakknett. Det vil gi heile området eit nytt løft. I tillegg vil me gjere noko med vegen ned den siste biten slik at heile området blir meir tilgjengeleg for alle. Me har også planar for å betre standarden på sjølve stranda, med litt nye murar og betre tilhøve på nordsida, kor det i dag er mykje skog og kratt, seier Stakkestad.
Les om idrettskonsulenten og friluftsrådet sine planar i papiravisa på torsdag.