Kan me vere førebudde?

Det har vore ein ulukkessommar rundt om i verda. Knapt nok har det vore ein dag utan at eit tog, ein buss eller eit fly har forulukka og menneske er drepne.

Kanskje spesielt om sommaren når dei fleste av oss er på farten gjer slikt inntrykk. Med dagens teknologi kjem me tett på. Levande bilete og filmsnuttar frå overvakingskamera dukkar opp. Det er som om Øystein Sunde sin song «Smi mens liket er varmt» er meir aktuell enn nokon gong.

Eg las ein blogg her om kvelden. Det var ein ung kar som hadde lagt ut ein bekymring. Han var friviljug i Norsk Folkehjelp på austlandet og skulle vere med og gjere ein innsats under Norway Cup. Det var noko han gleda seg til. Men i bloggen kom han inn på noko som gjorde inntrykk. Det var like etter bussulukka i Italia at han stilte spørsmålet: – Kan ein verkeleg vere førebudd på å hjelpe i ei slik ulukke.

Kan ein forvente at friviljuge ungdommar skal kunne hjelpe til og halde roen når folk ligg strødd, blodet flyt og ein bli møtt med desperate skrik om hjelp.

Eg veit ikkje, men det viser seg at mange veks utruleg fort når alvoret kjem inn over ein.

Eg kjenner fleire som jobbar i etatar kor døden, ulukker og tragediar er ein del av kvardagen. Eg les det dei skriv og lyttar når dei fortel. Det er folk som jobbar på Redningsskøyta, i brannvesen og på ambulansar. Det er folk, som denne unge karen frå Oslo, som har meldt seg inn i Norsk Folkehjelp eller Raude Krossen. Ein får eit innblikk i ei verd som ligg langt utanfrå den kvardagen dei fleste av oss er i. Dei ber oss om å bruke hjelm, bilbelte eller redningsvest. Dei ber oss instendig om å melde frå kor me går. Dei har eit engasjement som skal gjere at me unngår mange av dei små, men tragiske ulukka som skjer i løpet av eit år, kor aktive nordmenn er både høgt og lågt døgnet rundt.

Men dei store ulukkene, dei kor fly, buss eller fullasta tog skapar det komplette kaos blir likevel ein annan sak. Eg trur ikkje me kan mentalt førebu oss på det. Men ein kan trene og ein kan jobbe mentalt saman. Så får ein krysse det ein har av fingrar for at ein aldri får bruk for den katastrofekunnskapen våre rednings- kvinner og menn har.

Friviljuge redningsmannskap er ein stolt del av Noregs samla redningsmannskap og det å vere medlem av slike organisasjonar er noko ein skal vere stolt av.

Me er i alle fall det og ønskjer alle ein «stille» og arbeidslaus avslutning på sommaren, om det er til sjøs, i fjellet, langs vegen eller i sjuketeltet på Ekebergsletta.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør