Det betyr at det blir kolonnekøyring gjennom begge tunnelane på nettene, måndag – fredag.
Sikkerhetsutstyret blir oppgradert i både Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen. Mesta arbeider framleis mykje med liftar midt i tunnelen, og det er difor svært viktig at bilane held seg i kolonnen og ikkje køyrer forbi.
Kolonnekøyringa føregår i tidsrommet:
Måndag kveld til fredag morgon frå klokka 20:00 til 06:00.
Kolonnekøyringa følgjer ferjene i Mortavika-Arsvågen og har faste avgangstider. Sjå vedlagte liste over kolonnetider.
Mellom 06:00 fredag morgon og fram til kl. 20:00 måndag kveld er det fri ferdsel gjennom begge tunnelane.