Trygve Hebnes legg ut heile Grindafjord Feriesenter for salg. Foto: Mona Terjesen
Trygve Hebnes har solgt hele Grindafjord Feriesenter. Foto: Mona Terjesen

Hebnes legg ut Grindafjord Feriesenter for salg

– Me var komme til ein krossveg kor det enten var å satse mykje meir, eller å gi seg medan leiken var god. Nå legg me ut Grindafjord Feriesenter for salg, seier Trygve Hebnes. Prisen på feriesenter ligg på mellom 22 og 25 millionar.

Det var ein tydeleg merka Hebnes som informerte Tysvær Bygdeblad om salget tidlegare i dag.

– Det gjenstår berre detaljar før det blir lagt ut for salg. Det er med mange kjensler me gjer dette. Prosessen starta i fjor haust og nå var tida inne. Og det etter ein fantastisk sommar kor me har hatt auke på dei fleste områda me driv. Nå går livet vårt vidare utan feriestaden og det blir rart. Huset vårt ligg utanfor området og me har også eit par tomter der, seier Hebnes.

Grindafjord Feriesenter har dei siste åra hatt mange planar. Nokon av dei er realiserte, andre ikkje.

– Det var ikkje nokon enkelt sak eller enkel hending nå som utløyste dette. Det er nok ein del som får sjokk når dei les dette, men slik er det berre. Nå var det nok og då legg me heile området ut for sal, seier Trygve Hebnes.