Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide
Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide

Knust vindauge i kyrkja i Aksdal

I løpet av perioden natt til fredg og til sundags morgon har nokon kasta ein svær stein gjennom eit vindauge i Aksdal Kyrkje. Nå håper ein at nokon har sett eller høyrt noko.

– Frykteleg trist å komme på jobb og finne ein svært stein på golvet som nokon har kasta gjennom eit av kontorvindaugene våre. Det er på kontoret til sokneprest Arne Aurdal og me merka dette då me skulle gjere klart til gudsteneste på sundag. Det er ikkje nokon som har vore inne i bygget, seier kyrkjeverge Terje Fjeldheim.

– Kva trur du grunnen til dette er?

– Eg trur ikkje det er ei markering mot kyrkja for då ville ein nok ha lagt igjen ei melding også. Eg las om at det var noko liknande som skjedde på Frakkagjerd barneskole sist helg, så kanskje det kan vere ein samanheng. Eg har i alle fall meldt det til politiet, så får me sjå kva dei finn ut, seier Fjeldheim.

Han har også ein litt meir «uflaks» teori.

– I nabovindauget heng det eit svært vepsebol. Det kan vere at nokon har ville kaste steinen på det og blitt skremd og bomma. Men det er kanskje ein tynn teori for storleiken på steinen tilseier at dette er hærverk. Men er det nokon som har vore «dumme» og tregar så treng ein ikkje vere redd for å ringe kyrkja. Då treng me heller ikkje bruke av ressursane til politiet, seier Terje Fjeldheim.

Aksdal Kyrka har ikkje vore utsette for skadeverk på mange år.