Filmskaparane: Frå venstre står co-produsent Pål Øie, regissør og manusforfattar Karl Johan Paulsen og produsent Jo Torgersen. 
Arkivfoto: Mona Terjesen
Filmskaparane: Frå venstre står co-produsent Pål Øie, regissør og manusforfattar Karl Johan Paulsen og produsent Jo Torgersen.

Var han gal? No får me svaret

I helga er det verdspremiere på filmen «Lysets vannvidd» om Lars Hertervig.

Av Mona Terjesen
Då får me svar på om kunstmalaren frå Borgøy verkeleg var gal, eller om han berre var forut si tid.

Etter filmvisninga blir det også ei samling i foajeen med kunstnarisk innslag

Dei spelte inn filmen i fjor sommar. Store delar av scenane er filma på Sandbekken og fleire av skodespelarane som medverkar i mindre roller er frå Tysvær. Laurdag blir det premiere under Filmfestivalen i Haugesund og søndag har filmen premiere i Tysværtunet. Då kjem også filmskaparane, Nils Økland som har laga musikken til filmen og Lars Hertervig-entusiast og ekspert Holger Koefoed. Koefoed kjem til å komme med sin kommentar til filmen.
– Etter filmvisninga blir det også ei samling i foajeen med kunstnarisk innslag, servering og foredrag, fortel kultursjef i Tysvær kommune Ingvar Frøyland då han er innom Tysvær Bygdeblad.
Og kanskje best av alt; filmen blir vist gratis. Med andre ord så kan kven som helst møte opp i Tysværtunet søndag kveld og bli kjent med Lars Hertervig sitt komplekse liv utan å betale ei krone for det.

Les meir i papirutgåva