Trygve Staupe og Lars Christian Wiik er nordiske meistrar i K2 200 meter. Ein siger som smakte ekstra godt for Tysvær-padlaren.
Foto: Lene Kallekodt
Trygve Staupe og Lars Christian Wiik er nordiske meistrar i K2 200 meter. Ein siger som smakte ekstra godt for Tysvær-padlaren.

Fekk motivasjon av gull

Tysvær-padlarane gjorde det godt under Nordisk. Men for Trygve Staupe smakte gullet ekstra godt.
Av Alf-Einar Kvalavåg
Då «Ja vi elsker» dundra utover det flotte anlegget på Bagsværdsø utanfor København var det ein ekstra letta Staupe som sto øvst på pallen etter K2 200 meter saman med Lars Christian Wiik.

Eg er veldig godt nøgd for dette

– Eg er veldig godt nøgd for dette hadde eg ikkje heilt trudd skulle ende med gull. Stemninga rundt seremonien var sjølvsagt svært bra, men for meg var det like mykje ei lette. Eg har vore usikker på både forma og kor mykje eg skal orke. Nå fekk eg svar og fekk ein kjempemotivasjon til å stå på vidare, seier den unge Tysvær-padlaren.

Les meir om nordisk i papiravisa.