Rune Erland skåra eit av måla i kveld.
Rune Erland skåra eit av måla i kveld.

Forferdeleg fotball-kveld

Sveio – Stegaberg 3-1 og Ferkingstad – Falkeid 4-4. Svakt av Stegaberg å tape mot botnlaget frå Sveio og poengrøveri då Karmøy-FIL stal poeng frå Tysvær-FIL.

Falkeid hadde sjanser nok til å avgjere kampen mot Ferkingstad i 1. omgang, men klarte berre å sikre seg eit poeng på Karmøy i kveld.
Målskårere var: Rune Erland, Frode Hundsnes, Jan Egil Kallekodt og Olav Askeland (str.)

Endå verre er det av Stegaberg som reiste nordover til Sveio for å følgje opp den gode kampen frå i vår. Denne gongen gjekk dei på ein skikkeleg smell og måtte slukøyra sette seg i bilane og kjøre heim med tap.
3-1-tap er ikkje bra.
Stegaberg hadde utruleg med store sjansar og var etter «litt nøytrale» auge det beste laget. Men det hjelp lite når heimelaget skåra på sine.
Jan Reidar Tjøsvoll skåra for Stegaberg på straffe.