Torstein Eike header Skjold i leiinga 1-0. Knut Ystaas, Kenneth Veim og keeper Fredrik Støle nådde ikkje opp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torstein Eike header Skjold i leiinga 1-0. Knut Ystaas, Kenneth Veim og keeper Fredrik Støle nådde ikkje opp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Var best i alt og vann 7-1

Skjold er skikkeleg på vinnarsporet om dagen. Nord var både to og tre nummer for små. 7-1 smakte godt etter ein lang ferie.

Det starta før dei omlag 50 frammøtte på tribunen hadde fått satt seg. Torstein Eike hang i lufta over forsiktige Nord-spelarar og heada inn eit hjørnespark frå Rune Lindanger.
Så rota gjestane frå Grinde det til og heimelaget kunne utlike ved Øyvind Larsen etter berre sju minutt.
Men der frå og inn var Skjold best i alt untatt ein ting. Nords venstreback Knut Egil Blaaflat serverte nemleg dagens prestasjon då han storma over heile banen og forbi det som var av Skjold-spelarar. Frå 16 meteren dundra han ballen i lengste kryss. Dessverre for den sympatiske backen gjekk ballen i stolpen og ut på tvers av mål.
Solid
Torstein Eike var nok ein gong ein av banens beste spelarar. Han var godt nøgd med 7-1, men meinte at Skjold ikkje akkurat leverte toppspel i 90 minuttar.
– Me er sjølvsagt god nøgde når me vinn 7-1 på bortebane, men dette er det dårlegaste laget me har møtt i år. Me kjørte på til det var 4-1. Då fall me ned på deiras nivå, men fekk oss eit par mål til.Det som er mest positivt er at me gjer jobben i starten av kampen og vinn, seier Eike.
Ein som kom inn då det var 4-1 var Sander Hettervik. Da spelte Skjold med to brødrepar samstundes. Da Sander gjekk av banen 25 minuttar seinare hadde han skåra det siste målet frå straffemerket og fått seg nokre minuttra med a-lags-erfaring.
– Kjekt å komme inn å se at me kan vere med å gjere ein jobb. I dag var det lett. Nå har eg og Sondre (Bådsvik) skåra og nå er det berre Berge Ohm igjen, gliste 15-åringen.

Meir om kampen og spelarbørs i papiravisa neste veka. Der kan ein også lese om kvartfinalen i Rogalandscupen som er på tysdag mot Sola i Grinde.

Faktaboks

Nord 1 (1)
Skjold 7 (3)
4. div. avd 3
Nord stadion
0-1 Eike (3)
1-1 Larsen (7)
1-2 Helgeland (20)
1-3 Hompland (39)
1-4 Lindanger (52)
1-5 Aarås (66)
1-6 Helgeland (86)
1-7 S. Hettervik (88)
Domar: Morten Stople, Buøy
Tilskodarar: 50