Arrestert i Aksdal etter innbrott

Tre personar sit nå i kjellaren på politihuset i Haugesund etter at dei i går sundag blei arrestert i Aksdal.

Det blei meldt om fleire innbrott også i Tysvær.
– Me kan stadfeste at nokon har stole mellom anna verktøy frå adresser i Tysvær denne helga også. Det har vore eit problem denne sommaren, mellom anna med mange husinnbrott. Dei tre som er tatt hadde ein del tjuvgods og me skal nå etterforske om dette har ein samanheng med det som er stole frå vårt område. Nå i helga var nokon inne i hus og garasjar i Granlivegen og i Førresbrekka, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.