Konsekvensar av å tenkje seg om

Utdanningsforbundet Tysvær registrerer (TB 08.08.2013) at politikarane i kommunen har signalisert at dei treng meir tid på å gå gjennom tenestetilbodet til barn og unge.

Dei varslar at dei vil komme med innspel til sparetiltak, struktur og effektivisering etter å ha hatt ein grundig gjennomgang. Dette meiner Utdanningsforbundet er både fornuftig og prisverdig. Vi tolkar det som å ta sitt politiske ansvar på alvor og å ville gjere ein så god og grundig jobb som mogleg for innbyggarane.
Skulen i Tysvær har dei siste åra måtte kutte stadig fleire millionar, ikkje berre dei 7 millionane (10 lærarstillingar) som rauk i 2012. Sparekravet 2014-17 er på 10 nye millionar, med 3 mill. i 2014.
I økonomiplanen 2013-16 står det at det er nødvendig med ein grundig analyse av tenestetilbodet i skule, barnehage, idrett og kultur for å finne konkrete tiltak. Planen konkluderer med at spareprofilen er førebels og at det må gjerast jamlege vurderingar av det realistiske nivået på innsparinga.
Utdanningsforbundet lurer då på kva konsekvensar dette får for dei vedtekne kommunale innsparingsmåla for skulesektoren, som i perioden 2013-18 er på kr 17 mill.
Vil dei same politikarane gjere noko justering på desse tala, når no grunnlagsmaterialet ikkje er ferdig til budsjetthandsaminga denne hausten?
Kva konsekvensar får det for innsparingsmåla for 2014? Skal skule framleis spare 3 millionar (4-5 lærarstillingar) neste år? Om ein vel å halde fast på 3 mill. i kutt for 2014, kvar er då utgreiinga som viser at vi kan kutte og kor vi skal kutte?
I følgje ordføraren ønskjer ikkje politikarane å gjere politisk hastverksarbeid. Når no politikarane seier dei treng meir tid på gjennomgang, er det då naturleg å samstundes halde fast på den tidlegare vedtekne innsparingsprofilen? Er det kanskje på tide å legge også denne “på is” til ein har konkludert?

Lars J Liknes Reidun Hellebø
leiar Utdanningsforbundet Tysvær hovudtillitsvald grunnskule