Målskårarar på rad og rekkje. Are Søderlund, Roar Lothe og Christian Askeland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Målskårarar på rad og rekkje. Are Søderlund, Roar Lothe og Christian Askeland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Feide over Ølen og vann 8-1

Skjold held fram med å «gruse» botnlaga. Tre tomålskårarar og einvegskjøring var fasiten etter kampen i Grinde.

To ganger Are Søderlund, to ganger Espen Helgeland og to ganger Christian Askeland, pluss Torstein Eikje og eit sjølvmål blei protolkollført. Samt eit trøystemål av Roar Lothe. Det blir 8-1 til SKjold ei snau veke etter 7-1 mot Nord.
– Dette var skikkeleg bra, spesielt i førsteomgang. Då varierte me spelet og hadde tempo på ballen. Slikt blir det mange sjansar av. Og nå set me sjansane våre og då får me slike resultat, sjølv om mostanderen ikkje var all verden. Men me jobba og sprang og då blir det åtte i staden for eit eller to mål, seier Are Søderlund.
Søderlund spelte ein god førsteomgang og skåra to mål, blei felt, fekk straffe og opna for at toppskårara Espen Helgeland også kunne plusse på med to nye seriemål.
– Ja, eg kan ikkje la Are ta innpå. Me må vere godt nøgde i dag også. Me klarte å spele fotball heil til slutt og det gjer noko med humøret vår. Det er kjekt på trening og det er kjekt på kamp, seier kaptein Helgeland.

Dette var siste kamp for Torstein eikje som nå reiser til Oslo. Keeper Eivind T. Rullstad brakk litlefingeren på tre stadar på trening denne veka og er ute ei god stund. I kveld var det difor duka for comeback av combackspesialisten Snorre Askeland.

Meir om kampen i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Skjold 8 (4)
Ølen 1 (0)
4. div., avd. 3
Grinde stadion
1-0 Are Søderlund (5)
2-0 Espen Helgeland (28)
3-0 Espen helgeland (str. 31)
4-0 Are Søderlund (42)
5-0 Torstein Eikje (48)
6-0 Sjølvmål (57)
6-1 Roar Lothe (69)
7-1 Christian Askeland (80)
8-1 Christian Askeland (85)
Tilskodarar: 40
Domar: Frode Nygaard, AIL
Gult kort: Oliver Vestbø, Ølen