Skulle bare lage seg ein hamburgar. Skal vere glad han har ti fingrar. Foto: Sveinung Hellerslien
Skulle bare lage seg ein hamburgar. Skal vere glad han har ti fingrar. Foto: Sveinung Hellerslien

Pådro seg hamburgarskade

Stegaberg sitt a-lag i 5. divisjon slit med å få tak i nok folk til kampane. Då hjelper det ikkje at viktige spelarar er begynt å lage mat på eigenhand.

Du har kanksje lest om stjernespelarar som har mista både EM og VM etter å gjort morosama tabbar. Aftershave på tåa eller sovna på fjernkontrollen??
Vel nå har Stegaberg-spelar Sveinung Hellerslien meldt seg inn i den den ekslusive klubben.
Et par dager før kampen mot Karmsund (ikkje akkurat VM, men dog) så fann midtbaneeleganten ut at han ville lage seg ein hamburgar heime på kjøkkenet.Problemet var at burgerane var frosne.
– Eg fann fram ein solid kniv og skulle skilje dei. Då mista eg taket i kviven og den skar seg inn i tommelen min. Det blei eit skikkeleg kutt og eg måtte melde frå til trenar Thormod Ness at eg ikkje kunne vere med å på trening. Ikkje akkurat noko å skryte over, men sånn kan skje den beste (fotballspelaren). Dei har stripsa meg så eg håpar på ein (flau) retur for fullt rimelig snart.
Trenar Ness er neppe imponert over kokkekunstene til sin midtbanespelar.
– Kan du sjekke opp den der hamburgarskaden? var meldinga frå Ness i kveld.

Moral: Stegaberg-spelarane bør gjere som andre på Frakkagjerd, la damene på Minutten ta seg av burgerane…

PS. Kampen i dag enda 1-1
– Eg var med men hadde vondt, seier amatørkokk Hellerslien….