Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

Ønskjer ekspressbuss

I dag tar det 15 minuttar med bil og 40 minuttar med buss frå Aksdal til Haugesund. No vil gruppeleiar i Tysvær Venstre Torunn Vestbø Gjerde, ha ein ekspressbuss på strekninga.

Av Mona Terjesen

Vestbø Gjerde meiner tiltaket må til for å få ned reisetida og motivere fleire til å ta buss i staden for å kjøre bil.
– Eg ønskjer ein ekspressbuss, slik Karmøy nylig fekk. Med dagens bussruter bruker ein nesten 40 minuttar på strekninga mellom Aksdal og Haugesund. Med bil tar det ikkje meir enn 15 minuttar. Då blir det sjølvsagt fort slik i ein travel kvardag, at ein i staden for å ta bussen, vel å kjøre sjølv, poengterer Venstreleiaren.

Les heile saken i papirutgåva.