Jostein Helgeland (15) vann årets Bokn Opp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Jostein Helgeland (15) vann årets Bokn Opp. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Helgeland raskast opp Boknafjellet

Jostein Helgeland kalrte å halde jamn fart heilt til topps. Dermed vann han det andre Bokn Opp på sykkel.

– Eg sykla saman med Tor Olav Gregersen det meste av vegen, men han hadd sykkel med for tunge gir. Dermed seig eg jamnt og trutt frå han på slutten og vann. Eg elskar slike ritt og trur eg kom inn på 18.04, smilar Helgeland.

– Eg valte feil sykkel og hadde ikkje sjansen i det brattaste terrenget. Nå har eg to andreplassar, så neste år er det min tur sa Gregersen.

Omlag 60 syklistar stilte til start, mange av dei frå Tysvær. Dei treff du i papirutgåva på torsdag.