Kor skal ein starte

Dei blå vann suverent valet på måndag uansett korleis ein vrir og vendar på det. Det norske folket har talt og det blir ny regjering, ny statsminister og det kjem til å bli Erna Solberg frå Høgre.

Det er vel stort sett det einaste ein kan vere heilt sikre på nå tre døgn etter valnatta. For nå startar ein formidabel jobb kor brikker skal på plass, posisjonar skal fordelast og kor kamelar skal svelgjast.

Fleire har allereie delt at dei opplever sigeren med skrekkblanda fryd.

For ein ting er å få regjeringskabalen til å gå opp. Ein annan er å tilfredstille dei skyhøge forventningane som er skapt gjennom fleire år i opposisjon, forventningar og lovnadar som er forsterka gjennom ein valkamp kor «sky was the limit».

Det er spesielt Framstegspartiet sine veljarar som har vore ute berre timar etter valsigeren og etterlyst endringar. OK, kanskje litt på spøk, men dei spør allereie kva tid bompengane forsvinn, kva tid fjernsynslisensen blir fjerna og kva tid det blir skattelette, meir bruk av oljefondet og meir pengar til skule, omsorg og vegar?

Og spøk eller ei, det er formidable forventningar der ute blant veljarane. Og ikkje minst også blant dei som i månadsvis har kjempa om plass på Stortinget og som har lagt til sides alt for at akkurat deira parti skulle komme i posisjon.

Når det roar seg vil ein sjå kva den nye regjeringa og det nye Stortinget vel av kurs, ei endring har dei lova og ei endring vil det garantert bli på sikt.

For tysværbuen har årets valkamp heilt tydeleg inspirert til å møte opp i hopetal. Allereie under oppteljinga av førehandsstemmene såg ein tendensar til at me denne gongen kunne få ei svært god valdeltaking. Og når ein endar opp på omlag 80 prosent så er det berre å ta av seg hatten. Då har ein vist at ein bryr seg og at det å ha ein rett til å stemme, faktisk stikk litt djupt i oss.

Fleire gjekk til valurnene med håp om fleire haugalendingar på «Tinget». Og det ser lovande ut. Geir Toskedal frå Krf, Hege Haukalend Liadal, Ap og kanskje Sveinung Steinsland H skal til Oslo. I tillegg har me Arve Kambe, H.

For Haugalandet kan det vere ein skilnad frå å ikkje bli høyrt til å ha ei skikkeleg lokal stemme. Det kan vere eit viktig politisk om lite blylodd når den politiske vekstskåla skal vere med å ta avgjersler.

Årets val viste nok ein gong at tysværbuen har stabilisert seg når det gjeld kven dei stemmer på. Korleis stortingsvalet vil spele inn på lokalvala om to år skal bli spennande å følgje. Det som er heilt sikkert er at dei som har stemt for eit regjeringsskifte ikkje har tid til å vente så lenge før det skjer noko.

Alf-Einar Kvalavåg

Redaktør