Så har Stian Eikesdal bestemt seg for å overta hovedrollen. Sigbjørn Tysvær (6) skal ut. Som en ser av bilete så lurer linjemannen på kva som skjer... Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Så har Stian Eikesdal bestemt seg for å overta hovedrollen. Sigbjørn Tysvær skal ut. Som en ser av bilete så lurer linjemannen på kva som skjer... Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vann rotekamp 1-0, men dommaren øydela festen

Are Søderlund skåra etter berre to minutt og Skjold slo Vedavåg etter å ha spelt over ein omgang med ti mann. Men gleda blei øydelagt av ein dommartrio heilt på jordet.

– Me kan ikkje seie noko for då blir det berre verre. Dette er trist, fryktelig trist, sa ein frustert gjeng etter faktisk å ha vunne mot Vedavåg.
For om Søderlund sin skåring ga nye tre poeng, så blei kampen prega av Stian Eikesdal nok ein gong. Det kan virke som om Karmsund-dommaren har ein ustoppleg evne til å havne i bråk kvar einaste gong han tar på seg dommardrakten.
– Spør kva linjedommaren sa til han då han viste ut Sigbjørn Tysvær, freste ein sint Skjold-leiar.
Og det raude kortet var starten på ein kamp med mykje frustrasjon og lite godt spel.
Det som hende var slik: Ein av Vedavåg sine spelarar kom seg gjennom Skjold-forsvaret. Linjedommar Tommy Lothe frå Ølen var kraftig på etterskott og fekk ikkje med seg det som dei aller fleste såg var eit par meter offside. Så takla Sigbjørn Tysvær, på ballen meinte dei fleste, og kanskje også linjemannen, men då hadde Eikesdal bestemt seg for at då var det på tide å markere seg.
– Heilt utruleg, heilt utruleg, var trenar Håkon André Waage sin knappe, men bitre kommentar.

Svakt
Med 10 mot 11 blei det ein spelemessig rotete kamp. Begge lag måtte ty til ei rekkje med unggutar, unggutar som tidvis klarte seg bra på begge lag. Skjold-keeper Håkon Bådsvik gjorde sine sakjer bra, Sondre Bådsvik det same. Verre var det for Elias Kerchaoui. Den tidlegare Stegaberg-spelaren måtte gi seg etter 12 minutt i sin debudt.
– Eg er frykteleg lei meg, men leggane ville ikkje meir. For ein kjedeleg debudt, sukka Kerchaoui.
Men mange bytter både før og etter kampstart gjorde at det blei ei svak forestilling kor Vedavåg ikkje klarte å sette det presset på heimelaget som ein kunne frykte. Dei hadde sine sjansar, men fekk ikkje mål. Vegard Steinsland derimot fekk ballen i mål, men blei feilaktig annulert av nemte linjemann frå Ølen.
Skjold vann sin andre siger over Vedavåg denne sesongen, det er sterkt, når ein ser på den fryktelege skadelista til Grinde-klubben.

Jobbing
For Skjold betyr sigeren at laget nå er oppe og snusar på ein 4. plass. Med den innsatsen spelarane viste mot Vedavåg bør det vere ein plass som er innanfor rekkjevidde.
– Det var ein hard kamp kor me måtte springe heile tida. Blei lite spel og mykje kjemping. Men me klarte oss bra og eg synast ikkje dei skapte så mykje, sa keeper Håkon Bådsvik.

Me har snakka med fleire av 16-åringane som måtte spele om korleis det var å få så mykje ansvar. Les meir om dt i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Skjold 1 (1)
Vedavåg 0 (0)
4. div. avd. 3
Grinde stadion
1-0 Are Søderlund (2)
Dommar: Stian Eikesdal, Karmsund
Raudt kort: Sigbjørn Tysvær, Skjold
Gult kort: Håvard Larsen, Skjold, Frank Vea og Leon Ånensen, Vedavåg
Tilskodarar: 50