– Det var godt med folk og veldig mange fine ting som blei seld. Sjølv hadde eg plukka sopp, fortel Åse Lillian Frøyland Langeland frå aktivitetsavdelinga.
Både personale, pensjonert personale og andre frivillige sponsa marknaden med heimelaga ting. Audny Hjelmeland og Sissel Steinsland er hovudpersonane bak den årlege marknaden og pengane som kjem inn går til velferdstiltak for bebuarane.
Vellukka haustmarknad
Det bogna med fine heimelaga ting, matvarer og kafégodt på Tysværtunet sin årlege haustmarknad i dag.